Smittekartlegging på sjukehuset er avslutta

25 pasientar og tilsette må testast og i karantene etter kontakt med smitta lege

Helse Førde har sidan fredag kartlagt pasientar og tilsette ved Nordfjord sjukehus som har hatt nærkontakt med legen som har fått påvist covid-19.

Ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus testa fredag 26. juni positivt på covid-19.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Resultatet av smittesporinga er at 25 pasientar og tilsette har hatt nær kontakt med legen. Tiltaka for desse er karantene og testing. Resultat av testar kjem måndag og tysdag, opplysar Helse Førde.