Ministerbesøk gav svar

Statsråden meiner det ikkje er noko formelt i vegen for at oppstartsmidlar skal kunne løyvast

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) kom på besøk til Moldefjorden laurdag med Stad Venstre som vertskap. På programmet stod Stad skipstunnel.

Stad Venstre informerer klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) om Stad skipstunnel på eit møte i Moldefjorden. Her Sveinung Rotevatn (f.v.) saman med dagleg leiar og prosjektleiar Randi Humborstad ved Måløy Vekst AS, ordførar Alfred Bjørlo i Stad kommune og ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven kommune.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Klima- og miljøministeren møtte mellom andre dagleg leiar og prosjektleiar Randi Humborstad i Måløy Vekst AS som gav informasjon om Stad skipstunnel. Leiar i Stad Venstre, Jon Frogner, som leia møtet, sa at ein ønsker å få snakke om kva som skjer etter at det skal gjerast ei kvalitetssikring av prosjektet. Den er planlagt å vere klar først etter budsjetthandsaminga.