#likefinsomfør

Vil ha deg med på dugnad for ein søppelfri sommar

Denne sommaren inviterer Fjordane Friluftsråd, saman med Hold Norge Rent, til felles dugnad mot forsøpling og for havet og naturen, i friluftslivets ånd.

Denne sommaren inviterer Fjordane Friluftsråd, saman med Hold Norge Rent, til felles dugnad mot forsøpling og for havet og naturen, i friluftslivets ånd.  Foto: Fjordane friluftsråd

Nyheter

Denne våren har Hold Norge Rent dessverre observert ei auke i innmeldingar om forsøpling i parkar, langs stiar, på strender og liknande. Meldingane kjem frå heile landet, og dei trur utviklinga kan skyldast fleire forhold; som mindre frivilleg ryddeaktivitet og auka bruk av nærmiljøet til rekreasjon.

- Vi er bekymra for forsøplingssituasjonen i kjølvatnet av meir friluftsliv, og nå vi vil gjerne bidra til at denne positive aktiviteten ikkje blir eit stort nasjonalt forsøplingsproblem i løpet av sommaren, seier dagleg leiar i HNR, Lise Gulbransen.

Nasjonal dugnad

- Vi går mot ein sommar der dei aller fleste av oss vil velje Norge som ferieland, og saman med Hold Norge Rent, ynskjer vi i Fjordane Friluftsråd å sikre at dette ikkje fører til auka forsøpling i byer og bygder, i havet og på fjellet eller langs veger og stiar. Vi blir derfor med på sommarens store nasjonale ryddedugnad initiert av Hold Norge Rent. Kor vi oppfordrar alle, både lokale og tilreisande, gamle og unge langs fjordkysten vår, til å vere med og bidra til at vi haldar kysten vår like fin som før, seier Gulbransen.

- Vi ser eit stor engasjement for å halde kysten og fjordane våre reine i heile område vårt. Frå Solund i sør til Stad i nord. No håpar vi at både lokalbefolkninga blir med på sommarens rydde-dugnad og at turistane som kjem på besøk også hugsar å ferdast sporlaust, i tråd med det berekraftige friluftslivet, seier dagleg leiar i Fjordane Friluftsråd, Bjarte Engevik.

Bli med på ein søppelfri sommar

Målet med dugnaden er å motivere til ein sommar utan forsøpling og samarbeidspartnarane ynskjer og å motivere og legge til rette for strandrydding.

- Vi i Fjordane Friluftsråd er i full drift heile sommaren og har arbeidsbåt på sjøen heilt til september. Vi sørger for utstyrsdepot av strandryddemateriell og innleveringsplassar for avfallet. Vi hjelper deg med å plukke opp depot med strandryddeavfall, også der ein ikkje kjem seg til med bil, og vi hjelper med å organisere strandryddingar langs heile kysten og dei ytre fjordstrøka i «gamle» Sogn og Fjordane. Vi tek også gjerne imot tips om forsøpla område.

Emneknaggen #likefinsomfør er samlande for kampanjen.