Arrangerer spontan demonstrasjon mot vindkraft tysdag

– No mobiliserer vi for å vise motstand her ute

Då Hans Christian Hansen i Stad Landskap fekk vite at den kjende vindkraftmotstandaren Hans Petter Thue og Motvind Norge kjem til Stadlandet tysdag 30. juni, heiv han seg rundt og arrangerte ein demonstrasjon på sparket.

Då Hans Christian Hansen i Stad Landskap fekk vite at den kjende vindkraftmotstandaren Hans Petter Thue og Motvind Norge kjem til Stadlandet tysdag 30. juni, heiv han seg rundt og arrangerte ein demonstrasjon på sparket.   Foto: privat

Nyheter

– No mobiliserer vi for å vise motstand her ute. Søndag kveld fekk eg vite at Motvind og Hans Petter Thue er på veg nedover kysten med turneen sin. Då tenkte eg det skal vi gjere noko med. Eg begynte arbeidet med å lage i stand ein demonstrasjon i dag tidleg, måndag, og tysdag skal vi vere klare til til aksjon, seier Hans Christian Hansen til Fjordenes Tidende.