Sende bekymringsbrev til statsråd:

Krev overvaking av drikkevatnet

Fredag 26. juni sende Ola Teigen, ordføraren i Kinn kommune, eit bekymringsbrev til Olje- og energidepartementet. I brevet ber han statsråd, Tina Bru, å setje i gang eit overvakingsprogram for å undersøkje potensiell ureiningsfare i Sagavatnet – drikkevatnet i Florø.

Teigen inviterer: Ordføraren inviterer statsråd Tina Bru til Florø for å drøfte saka.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Teigen er bekymra for at bygging og drift av vindkraftverk skal ureine Florø si einaste kjelde til drikkevatn. I brevet skriv han at Sagavatnet, der Guleslettene vindkraftverk er under bygging, må garanterast som sikker kjelde for drikkevatn i all framtid. Florø har ikkje noko reservekjelde for drikkevatn og ei hending som påverkar Sagavatnet vil vere særs alvorleg for byen.