No er hummaren freda fram til hausten

Hummaren er freda fram til 1. oktober, melder Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Tek sommarferie: Hummaren er populær sommarmat for mange, men no har den fått ferie.  Foto: Fiskedirektoratet

Nyheter

For å beskytte hummar mot total utrydding er det innført fredingstid fram til 1. oktober.

Hummaren er ein ettertrakta delikatesse og det er mange som jaktar på den. Det har ført til at bestanden lenge har vore på eit kritisk lågt nivå.

– Det kan dessverre sjå ut som respekten for lovar og reglar må vike plassen for ynsket om å ha ein hummar på grillen, sukka inspektør Jan Brødreskift etter at inspektørar frå Fiskeridirektoratet sitt kontor i Trondheim var på sjøen og gjorde nokre kontrollar på reiskap førre veke.

Teiner som står i sjøen i fredingstida skal ha runde fluktopningar med 80 millimeter opning på kvar side av teina. I tillegg skal teina ha eit rømmingshol med nedbrytbar bomullstråd.

8–10 teiner hadde ikkje rett fluktopning, slik at hummaren kan kome ut. Nokre teiner mangla merking med namn og adresse. Desse vart beslaglagt under kontrollen.