Fekk dette sjøbeistet på trollgarn

– Eg vart nesten redd. Den var veldig stor!

Rundt klokka åtte på morgonkvisten i dag, tysdag, var Brage Andal Lysne (6), Inga Holvik Andal (37), Atle Teige (55) og Willy Strømmen (80) på ein båttur dei seint vil gløyme.

Gigantisk: Atle og mannskapet fekk seg ei stor overrasking då han skulle på fisketur. Opp av havet drog dei ein diger hummar. Som så blei slept fint ut igjen etter at fiskefølget hadde beundra han litt.   Foto: Privat

Nyheter

– Eg vart nesten redd. Den var veldig stor og sat godt fast i garnet. Eit godt stykke lagarbeid av alle fire gjorde at vi klarte å dra han opp, fortel Atle om sjøbeistet som overraska dei tysdag morgon.