Christian Radich ligg til kai

– Passasjerane våre skal få prøve fiskelykka si seinare

Seglskipet, Christian Radich, kom til hamna i Måløy tysdag formiddag, og hamna hadde blitt varmt anbefalt på turneen.

Skuleskip: Christian Radich vart bygd for å vere eit skuleskip i 1937. Hensikta med skuleskip var å utdanne sjøfolk for transport og handel. 

Nyheter

– Det var kapteinane våre som anbefalte Måløy som destinasjon. Dei er godt kjent langs norskekysten, og fortalde om ei fin hamn, på ein fin stad med hyggjelege folk. I tillegg har Måløy ei gunstig plassering med tanke på resten av turen vår, fortel Ida Rosenvinge, marknadssjef i Stiftelsen Christian Radich.