Vurderer andre alternativ

Den nye hurtigbåten kan ikkje bruke kaia på Sandvik

Det er for grunt for hurtigbåten Gabriele å bruke kaia på Sandvik. Einaste alternativet i sør slik det ser ut no er Åheim, seier operasjonssjef i Cruise Service AS, Kåre Molver til Fjordenes Tidende, men han understrekar at ingenting er bestemt enno.

Her var Gabrielle på prøvetur tidlegare i juni.  Foto: BJØRN ERIK DRABLØS

Nyheter

Men reiarlaget Cruise Service AS i Ålesund har ikkje gitt opp tanken om å starte opp og teste ut om det er grunnlag for ei hurtigbåtrute mellom Ålesund og Stadlandet i sør. Dei vil starte ei prøverute og har fått nødvendig konsesjon.