Sjå også kva andre lagseide kulturhus som har fått tilskot

Rosar grendelaget for å bruke tilskotet til å gjere grendehuset sitt tilgjengeleg for alle brukarar

Huset i Bygda vil gje honnør til alle eigarar av lagseigde hus som trass i koronakrisa, har brukt tida på renovering og vidareutvikling av husa sine. No fordeler dei over 6 millionar frå Sparebankstiftinga til kulturhusa i Sogn og Fjordane, og rosar spesielt Almenning grendalag for å ha gjort grendehuset tilgjengeleg for alle brukargrupper.

Sparebankstiftinga ved Almenning Camilla Chruickshank Holvik og leiar av Almenning grendelag, Kåre Pettersen, i Kinn kommune.  Foto: privat

Nyheter

– Mange av husa er bygd i tider med lite merksemd kring universell tilpassing. Mange huseigarar gjer no ein stor innsats for å tilpassa husa til dei nye krava. I år vil vi trekke fram arbeidet til Almenning grendalag for å gjere sitt grendahus tilgjengeleg for alle brukargrupper. Huset i Bygda har gjeve gåvetilskot til arbeidet for at huset skal bli tilgjengeleg for to multihandikappa gutar, slik at dei har moglegheit til å bruke huset på lik line med andre brukarar, seier Christoffer Knagenhjelm, rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag i Sogn og Fjordane.