Omsyn til ungdom og lokalt næringsliv var avgjerande

– Det er utruleg positivt for heile regionen at trafikkstasjonen får bli verande

Tilbodet om hallkontroll for tunge og lette køyretøy på Nordfjordeid, som var føreslått lagt ned, skal no likevel vidareførast. Det stadfestar samferdselsminister Knut Arild Hareide. Omsyn til ungdom og lokalt næringsliv har vore avgjerande i konklusjonen

– Nyhenda om at Statens Vegvesen og tenestene på Trafikkstasjonen blir verande i Nordfjord er utruleg positivt for heile regionen. Dette er ein jubeldag, seier ordførar i Stad og leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo.  Foto: privat

Nyheter

– For regjeringa er det avgjerande å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet. Særleg for dei tenestene som framleis krev oppmøte må det vere eit tilgjengeleg tilbod rundt i heile landet. Vi har no nøye vurdert forslaga frå Statens vegvesen, men også lytta til innspel og forslag frå lokale aktørar. Mellom anna betyr det at tilbodet om hallkontroll for tunge og lette køyretøy i Nordfjordeid, som var foreslått lagt ned, likevel vidareførast, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.