Partiet nominerer Geir på topp og satsar på ein plass på Stortinget

Vågsøy Raudt nominerer Geir Oldeide til førsteplassen på stortingsvallista for Raudt Sogn og Fjordane, skriv Vågsøy Raudt i ei pressemelding onsdag morgon.

Vågsøy Raudt nominerer Geir Oldeide til 1. plassen på stortingsvalglista for Raudt Sogn og Fjordane, skriv partiet i ei pressemelding onsdag morgon.   Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

– Geir Oldeide er ein av dei mest rutinerte lokalpolitikerane i Kinn kommunestyre med snart 30 års erfaring. Han har også hatt ein periode på fylkestinget bak seg og vore ein aktiv fagforeiningsmann i mange år. Vågsøy Raudt er glade for at Geir Oldeide seier seg villig til å satse på fire år på tinget i Oslo, seier leiar for partiet, Kjell Oldeide.