Spelte inn idear og ønske til kommunen

Takkar nye kommunegrenser for at det kjem to nye byggefelt til bygda

Bryggja kjem opp med to byggefelt som alt har veldig mykje klart. På årsmøtet måndag vart mange idear og visjonar for framtida på Bryggja diskutert.

Årsmøte Bryggja utviklingslag: John Tenden i arbeidsgruppa Inn mot nye Stad la fram planer for to nye byggjefelt på Bryggja. Styret for utviklingslaget var representert med Geir Tore Engdal (bak f.v.), leiar Øystein Solibakke Hessevik og Simon Pedersen Garhol.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Byggefelt vil vi ha, for det er fullt på det vi har. Vi likar å kalle det Stad-effekten. Husbygginga har eksplodert. Det har å gjere med dei nye kommunegrensene og det at vi har skule her, og skulen er sikra så lenge vi har ungar.