Opnar ny butikkavdeling på kjøpesenteret neste veke

– Vi ynskjer å skape eit handelstilbod som gjer at folk slepp å reise andre plassar for å handle

I løpet av neste veke kjem det ny butikkavdeling på Måløy Stormarked. – Vi gjer dette rett og slett fordi Måløy har mista butikkar med slike produkt, og vi ynskjer å tilby eit heilskapeleg handelstilbod, seier eigar Per-Gunnar Frantzen.

Nye utfordringar: Seljaren Sveinung Frantzen og ekstrahjelp Ida Apneseth må no lære seg å selje nye type produkt.  Foto: Andreas Hellenes

Nyheter

– Vi håper å opne tysdag eller torsdag neste veke, seier sentereigar Frantzen, som også eig Fagmøbler-butikken på kjøpesenteret.