Ferietips i Norges vakraste region

Besøk «heksefjellet» som tronar over Skatestraumen

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven. 

Nyheter

Hornelen, 860 moh., er rekna for å vere den høgaste sjøklippa i Europa. På toppen får du ei mektig utsikt over det varierte landskapet i regionen.

Fjellet er segnomsust og det vert mellom anna sagt at Olav Tryggvason har klatra til topps og overtrua vil ha det til at heksene samla seg her til fest både julenatta og jonsoknatta for å danse og halde fest saman med Fanden.

Det er to ruter som vert mest brukt opp, og ein bør ha med seg kjentfolk og vere van med å gå i fjellet.

Nedanfor Hornelen, i Skatestraumen, finn ein tusenårsstaden Gloføykje med ei av dei største steinalderbusetningane vi kjenner til, og ein opparbeidd rasteplass for besøkande.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.