Regional aktør blant dei som får mest støtte

Investerer 43 millionar i forsking på korona

Forskningsrådet investerer no i ni prosjekt som skal forske på koronaens følgjer for økonomi og arbeidsliv. Dette bekreftar forskningsrådet sjølv i ei pressemelding måndag 6. juli.

BIDRAG: Forskningsrådet ynskjer å jobbe for eit samfunn der forskning brukast og delast.  Foto: PRESSEFOTO

Nyheter

Dei prosjekta som no får støtte skal gi ny kunnskap om effektar i arbeidsmarknader, konkrete næringar, regionale forhold eller meir generelle effektar i næringslivet og økonomien. Tildelinga skjer gjennom ei hasteutlysing.