No blir du premiert for ikkje å «snappe» når du køyrer bil

No vil Trygg Trafikk, gjennom eit samarbeid med appen HOLD, YX/7-Eleven og Volvo, løne deg for å leggje vekk mobilen når du køyrer.

Vil engasjere yngre sjåfører: Mangel på merksemd er ein faktor i rundt 30 prosent av alle ulykker på norske vegar, informerer Trygg Trafikk i ei pressemelding.  Foto: HOLD

Nyheter

Ni av ti veit at mobilbruk i bil utan «handsfree» er forbode. Likevel erkjenner heile 42 prosent i ei undersøking at dei har brukt mobilen medan dei køyrer det siste året, informerer Trygg Trafikk i ei pressemelding måndag 6. juli.

HOLD-appen måler tida du ikkje bruka på mobiltelefonen når du køyrer. Tida omgjerast til poeng som kan bytast inn i forskjellige premiar. Premiane kan variere mellom alt frå ein gratis kaffi eller spylarvæske på YX/7-Eleven, til moglegheita til å vinne eit sykkelstativ frå Volvo.

Ynskjer å nå ut til ungdommen

Yngre sjåførar er også dei mest uerfarne, med høgast mobilbruk og med høgast sannsyn for å hamne i ulykker. Som sjåfør har du ikkje berre ansvar for eigen sikkerheit. Du har også ansvar for andre sin sikkerheit, står det i pressemeldinga.

Vidare står det at det allereie har blitt gjennomført over 900 000 mobilfrie køyreturar med HOLD-appen, der 72 prosent har redusert mobilbruken sin. Det er spesielt HOLD-appen sitt engasjement frå yngre sjåførar som har fanga Trygg Trafikk si interesse.

– HOLD har laga ein spanande app som handlar om å konsentrere seg og fokusere 100 prosent på det man faktisk gjer i augeblikket. Vi veit at mange unge sjåførar brukar mobiltelefon når dei køyrer bil, trass i at det er forbode og ikkje minst farleg. Appen har spesielt ungdom som målgruppe, og dei er ei viktig trafikkgruppe som HOLD hjelp oss å nå ut til, seier Ingrid Trømborg, kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk, gjennom pressemeldinga.

– Oppmerksemd er avgjerande for at vi skal unngå ulykker. Derfor har vi alle eit stort og sjølvstendig ansvar for å leggje vekk mobilen når vi køyrer bil, avsluttar Trømborg.