Lanserer eigen smykkekolleksjon inspirert av det unike helleristingsfeltet

Laurdag 18. juli lanserer Steinart og Steinar Engeland eigen smykkekolleksjon. «Happi-smykkene», er inspirert av Vingen-feltet, som familien har eit nært forhold til, og lagd for å heidre både Vingen og Engeland sin son Idar, som gjekk bort altfor tidleg.
Nyheter

– TEIKN er rotekte norsk design, inspirert av steinalderkunst, natur og kultur. Teikn frå ei tid, då tankar om liv og død blei rissa i stein. Med våre design og produkt vil vi hylle livet og den unike bergkunsten frå Vingenfeltet i Bremanger. Den originale bergkunsten, dei majestetiske fjella og den fantastiske naturen i området rundt Nordfjorden, har inspirert oss til å skape Teikn. No i første omgang med ein smykkekolleksjon med figurar frå Vingen, seier Steinar Engeland i Steinart, som som står bak satsinga i Teikn.