Sjåføren måtte laste om til lovleg vekt før han fekk køyre vidare

Statens vegvesen hadde kontroll på rv. 15 ved Kjøs også torsdag. Som vanleg var der nokre overtramp som vegvesenet måtte ordne opp i.

De vanka reaksjonar for fleire sjåførar då Statens vegvesen hadde kontroll på rv. 15 ved Kjøs.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

- Ein sjåfør måtte sette av tilhengaren fordi han ikkje hadde førerkort for å trekke tilhenger. Sjåføren vert anmeld for dette forholdet, seier Svein Henjesand i Statens vegvesen.

To sjåførar mangla påkrevd undrekøyringshinder bak på lastebilane. I tillegg hadde begge påmontert brøyteplate, altså feste for brøyteplog.

- Brøyteplata skal tildekkast eller skjermast etter gjeldande krav eller fjernast utanfor brøytesesongen, seier Henjesand.

Ein sjåfør var overlasta med 300 kg på framakslingen på bilen, og blei bedt om å laste om til lovleg vekt før han fekk køyre vidare, medan ein annan sjåfør måtte kople frå semitraileren slik at han fekk smurt svingskiva på bilen.

- Koblinga var knusktørr, noko som vil påverke styringa av vogntoget.

Vidare fekk ein sjåfør gebyr på kroner 500 for ikkje å ha med vognkort under køyring, medan ein annan måtte sikre lasta betre før han fekk forlate kontrollplassen