Reagerer på høg fart

Ønskjer betre skilting langs denne vegen

Kristina Myrseth frå Selje har i eit brev til Stad kommune kome med ein førespurnad om betre skilting langs Kyrkjevegen i bygda. Det grunngjev ho med auka trafikk i sommarmånedane, samt høg fart blant enkelte bilistar.

Trafikk: I løpet av sommarmånedane aukar trafikken langs Kyrkjevegen i Selje. No ynskjer ein av naboane til vegen betre skilting.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

– Her i Kyrkjevegen er det auka trafikk no i sommar, både bubilar som campar på «Myra» og «rånarar» som køyrer i full fart ut mot kyrkja og tilbake, skriv ho i brevet.