Her brukar vestlendingane meir pengar no enn før

Nye tal frå Sparebanken Vest viser at vestlendingane har brukt 32 prosent meir på oppgradering av heimen denne våren samanlikna med fjorårets vår.

Opner pengepungen: For vestlendingane har heimeoppgradering vore ei viktig prioritering i år.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Man kan trygt slå fast at våren 2020 har vore ganske annleis enn tidlegare år. Ein verdspandemi har halde oss heime i lange periodar, og no viser tal oppgitt av Sparebanken Vest gjennom ei pressemelding at vestlendingane har brukt meir pengar på oppgradering av heimen denne våren enn tidlegare.

Auke: Til saman har Sparebanken Vest-kundane brukt i overkant av 1 milliard på oppussing og møblar til heimen sin dette kvartalet. Til samanlikning vart det brukt 780 millionar i same kvartal i fjor. Dette betyr ei auke på 32 prosent.  Foto: Pressefoto

Denne våren har store delar av vestlendingane si lommebok blitt lagt igjen i byggevarehandel, hagesenter og møbelforretningar.

Men sjølv om heimeoppgradering har blitt ein auka prioritet for mange, så er kortbruken totalt sett nesten uendra.

Banksjef ved Bergenskontoret til Sparebanken Vest, Jan-Tore Smith, er ikkje overraska.

– Korona-situasjonen har gjort at folk ikkje kan reise eller vere sosiale som vanleg. Dette endrar handlevanane våre. Folk er meir heime og ønsket om å gjere det koseleg rundt seg har nok meldt seg for mange. Også har vi jo meir tid til å pusse opp, reflekterer mannen som sjølv kan bekrefte at han er i gang med å male huset.

Sommeraktivitet: Smith er sjølv i full sving med målarkosten.  Foto: Pressefoto

Banksjefen meiner nemleg at det berre er positivt at folk bruker pengar på å gjere det koseleg rundt seg.

– Denne pengebruken har jo sannsynlegvis ein meir varig verdi enn generelt forbruk. Du får glede av arbeidet sjølv, i tillegg til at du kan auke verdien på bustaden din, informerer Smith.