Meiner områda vindparkane ligg i ikkje er veleigna for vindkraftverk

I 2019 leverte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Miljødirektoratet eit kart over områder dei meiner er eigna for vindkraftverk. Både Guleslettene og Bremangerlandet sine vindparkar ligg ikkje innanfor desse områda.

Guleslettene i Bremanger driv om dagen med utbygging av vindkraftverk. Den kommande vindparken ligg utanfor områda som NVE har betrakta som veleigna for vindkraftverk.  Foto: ILLUSTRASJON

Nyheter

Det var VG som omtalte saka først.

Ei oversikt frå VG viser at både Guleslettene og Bremangerlandet i Bremanger kommune er dømer på vindkraftverk som ligg i område som ikkje er klassifiserte som egna område for utbygging og drift av vindkraftverk.

Guleslettene ligg faktisk i eit område som NVE har vurdert, og anbefalt at det ikkje burde byggjast ut vindkraftverk der. Ferske analysar fortel at Miljødirektoratet ville fullstendig ekskludere eit stor område langs kysten, tett inntil der vindturbinane på Guleslettene no står, informerer VG i saka.

Når NVE og Miljødirektoratet lagde eit kart over område dei meiner er egna for vindkraftverk, valde dei samtidig vekk fleire område som ikkje vart betrakta som veleigna. Dette var område som blant anna Miljødirektoratet meinte måtte vernast.

Årsaka til at områda må vernast er fordi dei har store areal som er avgjerande for fuglar, eller har viktig og sårbart naturlandskap, meiner Miljødirektoratet.

I Norge byggast det 18 nye vindparkar akkurat no, ifølgje ei oversikt frå NVE. Samtidig har 15 prosjekt fått konsesjon, og desse prosjekta må straks starte utbygginga for å rekkje fristane dei har fått.

VG har i ettertid av NVE og Miljødirektoratets rapportar gjort ein gjennomgang av prosjekta, og den viser at fleirtalet av vindkraftstasjonane ligg utanfor område som blir rekna som egna for vindkraft.

Gjennomgangen viser at 9 av 33 vindparkar er lokaliserte i dei veleigna områda. 20 av 33 prosjekt ligg i område som har blitt vurdert som ikkje veleigna. Medan dei siste fire prosjekta ligg i område som ikkje er vurderte.