Ferietips i Norges vakraste region

Her kan du segle rett inn i sentrum

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Måløyhopen er gjestehamna ein finn midt i Måløy sentrum. Etter oppgradering av hamna i 2013 er det no plass til rundt 70 båtar.

Det er kort veg til butikkar, kaféar, utestadar og aktivitetar frå gjestehamna.

På land finst det også bubilparkering med parkeringsplassar med straum. Her finn ein også ein leikeplass.

Sanitæranlegg med dusj, vaskemaskin og tørketrommel finst på kaia.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.