Ferietips i Norges vakraste region

– Ein fantastisk plass med koselege hus og frodige hagar

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Tor Magne Gangsøy

Nyheter

Turen startar ved Indre Fure på Stadlandet. På Indre Fure kan det vere verdt å få med seg klyngetunet med hus som står der. Ein fantastisk plass med små koselege hus og frodige hagar.

Stien slyngar seg utover mot Ytre Fure, nokre gongar går stien litt oppe i terrenget medan den andre gongar går nede i fjæra. Ein spennande tur for både store og små.

Når ein kjem fram til Ytre Fure får ein følelsen av «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Dette er ein populær tur som passar for heile familien.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.