Forsøplingsrapport frå 2019 offentleggjort

– Vi ser dessverre openbare spor etter forsøpling knytt til friluftsliv

Hold Norge Rents 2019-rapport om forsøpling langs vassdrag og innsjøar viser at friluftsliv og annan utandørsrekreasjon dessverre er ei betydeleg kjelde til forsøpling.

Forsøpling: Friluftsliv er ei betydeleg kjelde til forsøpling fortel Hold Norge Rents 2019-rapport.  Foto: Pressefoto / Hold Norge Rent

Nyheter

– Ein del av denne forsøplinga skuldast utvilsamt uhell der folk mistar eller gløymer igjen ting. Også vêr og vind kan føre til at gjenstandar kjem på avvege. Men vi ser dessverre openbare spor etter forsøpling knytt til friluftsliv. Dette gjeld for eksempel forlatne eingongsgrillar, øydelagd turutstyr som leggast igjen og agnemballasje som ligg igjen etter fritidsfiskarar, skriv foreininga som arbeider mot forsøpling, i ei pressemelding.

Matemballasje er miljøversting

Som ein del av Hald Norge Rents-rapport er det blitt danna ei topp 10-liste over dei vanlegaste funna av forsøplingsgjenstandar under foreiningas arbeid med rapporten.

Lista viser at matemballasje hamnar øvst med i overkant av 10 %, og ikkje-identifiserbar plast kjem på andreplass med 9,5 %. På tredjeplass kjem EPS (isopor) med 8,2 %. Desse tre kategoriane hamna også på topp tre når Hald Norge Rent gjennomførte same undersøking i 2017, men da i ei annan rekkjefølgje.

Vidare på funnlista finn vi sigarett- og snusemballasje på fjerdeplass, annan plastemballasje på femteplass, annan avfall på sjetteplass, og sigarettsneipar og snus på sjuandeplass. Dei tre siste kategoriane vart plastposar på åttande, drikkevareemballasje med pant på niande og eingongsemballasje (take-away) på sisteplass.

Ansvar: For å ta vare på miljøet er det viktig at man ryddar opp etter seg når man har vore i naturen.  Foto: Pressefoto / Hold Norge Rent

Eit av hovudfunna i rapporten er at plast utgjer om lag to tredelar av forsøplinga – noko som ikkje er så overraskande med tanke på at alle dei tre øvste funnkategoriane er i hovudsak laga av plastmateriale.

– Dette er alarmerande, men ikkje overraskande. I 2019-kartlegginga står plast for 65,7 % etterfølgt av papir og metall som står for høvesvis 8 % og 7 %, skriv Hold Norge Rent i si eiga pressemelding.