Rundt 200.000 sjøfolk sit koronafast til havs

Rundt 200.000 sjøfolk verda over får ikkje mønstre av på grunn av smittefrykt. Reiarlagsforbundet fryktar utslitne mannskap og svekt tryggleik.

Tidlegare i månaden fekk sjøfolk status som samfunnskritisk personell, slik at dei raskare kan komme seg i land og på jobb  Foto: Kjell Aga Ulvestad/illustrasjonsfoto

Nyheter

– Vi kan ikkje halde fram med å halde sjøfolk som gislar med grunngivingar om smitteverntiltak. Her har næringa komme med gode smittevernstiltak som gjer at vi kan gjere dette på ein forsvarleg måte, seier administrerande direktør Harald Solberg i Norges Rederiforbund til NRK.