Held skansen som mest selde i krisehalvår

I eit krisearta halvår for bilbransjen grunna korona toppar Toyota igjen salsstatistikken i Nordfjord.

Modellutval: – Vi er sjølvsagt nøgde med at Toyota gjev oss eit breitt utval bilar som stadig blir oppdatert. Det er avgjerande for godt sal, seier salssjef Rune Solvang. Her sit han i den mest selde modellen i området til Nordfjordsamkøyringa første halvår – ein Rav4.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

– Vi toppar lista over nyregistrerte personbilar og varebilar, og vi har mest selde modell i Rav4. Det er vi nøgd med sjølv om også vi har opplevd problema med redusert tilgang på bilar, seier salssjef Rune Solvang i Toyota Nordfjord og Førde i ein kommentar til halvårsstatistikken frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).