Ferietips i Norges vakraste region

Her kan du nyte utsikta i storm og stille

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

I Måløy-området i Kinn finn ein fire fyr. Dette er Ulvesund, Hendanes, Skongenes og Kråkenes fyr.

Alle fire fyr byr på flott utsikt i både storm og stille. Men Kråkenes fyr ligg på det som er kjend som ein av dei mest vêrharde stadane langs kysten. Her kan du oppleve både orkan i kasta og vindstille dagar med havblikk og solnedgang i havet.

Fyret vart oppretta i 1906, og Meteorologisk institutt tek imot data frå vêrstasjonen ved fyret - der ein har registrert over 150 orkanar. I fjor kom Kråkenes fyr under Den norske turistforeining.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.