Redningsskøyta berga fritidsbåt som var tom for drivstoff

Måndag kveld var redningsskøyta Halfdan Grieg på eit redningsoppdrag vest av Florø, skriv NRK.

  Foto: Redningsselskapet

Nyheter

Ein lastebåt hadde observert ein 32 fots fritidsbåt som dreiv vest av Florø.

Redningsskøyta Halfdan Grieg gjekk ut og fekk slept båten til land.

Det viste seg at den hadde gått tom for drivstoff. I tillegg trengde mannen som var åleine om bord medisinsk hjelp.

Han vart send til sjukehus i Førde, melder NRK.