Usikkerheit rundt kven som kan vere meddommarar

– Det stod ganske uklart i lovteksten kven som kan veljast

Ti politikarar, deriblant varaordførar Sidsel Kongsvik, står på Kinn si liste over meddommarar. No kan det sjå ut til at ein må gjere eit nytt val, men truleg berre på to av plassane.

Ti politikarar, deriblant varaordførar Sidsel Kongsvik, står på Kinn si liste over meddommarar. No kan det sjå ut til at ein må gjere eit nytt val.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

Ifølge Firdaposten, som omtala saka først, er ikkje medlemmane av formannskapet eller det faste utvalet kommunen har gitt valoppgåva til valbare. Men i Kinn kommune er varaordførar Sidsel Kongsvik og ni andre personar som anten er medlemmar eller varamedlemmar i formannskapet å finne på listene over meddommarar.