Oppgitt over at graset veks og ingenting blir gjort

– Eg meiner dei må komme og slå no

Mangel på kantslått langs vegen frå Raudeberg til Vedvik, Refvik og tilbake til Raudeberg har ført til irritasjon blant bebuarane langs vegen. No meiner Svein Telvik at noko må gjerast.

Høymoler og ugras: Svein Telvik reagerer på manglande kantslått i år. Tidlegare har det blitt klipt langs vegkanten to gonger i løpet av sommaren, men ei ny kontrakt mellom Statens vegvesen og Mesta gjer at kantslåtten berre blir gjennomført ein gong.  Foto: Andreas Hellenes

Nyheter

– Det har sett slik ut i heile sommar sidan graset byrja å vekse. Dei har berre slått flekkevis på enkelte område rundt heile sløyfa, seier Televik, som har budd i Vedvik i snart 60 år.