Lokale forhandlarar blir påverka

– Kom som eit sjokk for oss

Mykje tydar på at produsentane av Norge sitt tiande mest populære bilmerke vil spisse eksporten til dei største marknadane. Då Europa ikkje er eit av desse, gjer det at også lokale agentur kan måtte omstille drifta.

Slutt?: Styret i Mitsubishi Motors Corporation stadfesta tidlegare i veka at dei ikkje vil lansere nye modellar i Europa dei neste tre åra. Det går utover Stårheim bilverkstad.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Styret i Mitsubishi Motors Corporation stadfesta tidlegare i veka at dei ikkje vil lansere nye modellar i Europa dei neste tre åra. Planen er å optimalisere eksporten berre mot dei største marknadane i Sør-Asia, Afrika, Oseania og Sør-Amerika.