Her kan du sjå dei «nye» garderobane tek form

Garderobene ved Selje skule får no ei sårt etterlengta oppgradering. Dragebygg som har oppdraget er godt i gang med arbeidet med å få romma til å framstå slik elevar og lærarer har etterspurt i mange år.

Blir betre: Det blir ein ny kvardag for elevar og lærarar ved Selje skule når garderobene står klare.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Det er totalt tre garderobar og to dusjrom i kjellaren på skulen. Så langt er den eine garderoben, samt det eine dusjrommet godt i rute til å stå klart til skulestart. Veggane er blitt lekta ut og kledd med baderomsplater som held ein standard som er langt betre enn flisene – eller mangelen på såleis – som var frå før.