Ferietips i Norges vakraste region

Kom heilt tett på hjorten

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Hjortegarden inst i Ålfoten set deg i så tett kontakt med naturen som det er mogleg å kome, og er driven av Sonja og Karl Vidar Førde. Dei driv som besøksgard, og tek imot folk på etterspurnad.

– Dette er ein gard med alle positive assosiasjonar til forvalting av naturen, skaparglede, kjærleg dyrehald, mattradisjonar og jakt, skriv dei sjølve om staden.

Hjortegarden tilbyr også aktivitetar som øksekast og mjølkespannhalding, og kan legge til rette for opplegg for grupper. Hjortegarden har ope etter avtale.

Bygda Ålfoten er også ei ukjent perle som ligg nydeleg til, i ein avstikkar til Nordfjord, mellom høge fjell og med den kjende isbreen Ålfotbreen i bakgrunnen.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.