Sola skin – fortset finvêret inn i helga?

Spådomskula til meterologane opplyser om ei helg med lite nedbør, jamne temperaturar og litt sol.

  Foto: Benedicte Flataker

Nyheter

I dag, torsdag 30. juli, melder yr.no om at temperaturen vil halde seg mellom 15 til 17 varmegrader gjennom heile dagen. I tillegg seier vêrvarselet at vi vil få ein skya dag utan nedbør.

Fredagen liknar litt på torsdagen. Meteorologane spår nok ein dag utan regn, og at sola vil kike fram på ein delvis skya himmel både på for- og ettermiddagen. Rundt klokka 18 på ettermiddagen, når den siste fredagstacoen i juli 2020 skal nytast, vil temperaturen truleg vere på sitt varmaste denne dagen, opp mot 19 varmegrader.

Laurdag er helgas varmaste dag med opp mot 24 plussgrader på sitt varmaste. Men ironisk nok kjem truleg regnet tilbake denne dagen. Meteorologane spår ein nedbørsfri formiddag med klarvêr og sol frå klokka 06 til 12. Med andre ord vil dette vere eit godt tidspunkt å nyte sin første is i august 2020, dersom man har eit ope rom i timeplanen. Men på ettermiddagen kan skyene drype meir og meir utover kvelden. Mellom laurdag klokka 20 til søndag klokka 02 meldast det om 0,1 – 3,3 mm nedbør.

Regnvêret på laurdagen ser ut til å smitte over på søndagen. På vekas kviledag spår meteorologane regn og ein temperatur på rundt 18 varmegrader.