– Kan du reglane for salg av fisk og skaldyr til privatpersonar?

Det skjer eit nokså omfattande ulovleg sal av sjømat i lukka grupper på Facebook og på finn.no. Alt sal av fisk og skaldyr skal vere godkjent av eit salslag, og det er krav om særskilt løyve frå salslaga til å drive sal direkte frå fiskar til forbrukar.

Alt sal av fisk og skaldyr skal vere godkjent av eit salslag, og det er krav om særskilt løyve frå salslaga til å drive sal direkte frå fiskar til forbrukar (illustrasjonsbilde).  Foto: Torfinn Kråkenes

Nyheter

– Desse reglane er der for at du som forbrukar skal vere sikker på at sjømaten du kjøper er berekraftig fangsta, seier Per Sandberg i Fiskeridirektoratet.