Reagerer på manglende toalettfasiliteter

– Kven skal fjerne driten rundt naustet mitt?

Det spør Solbjørg Oldeide Hansen, som eig eit av dei næraste husa til ferjekaia på Oldeide, om i eit brev til Bremanger kommune.

Solbjørg Oldeide Hansen reagerer på at det ikkje er toalettfasilitetar på ferjekaia på Oldeide. Ho viser til at dette har vore ei problemstilling lenge.   Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

– Tidenes sommar med trafikk til og frå Oldeide/Bremanger er snart over, og det kjennest skamfullt å ikkje kunne tilby dei reisande eit toalett, skriv Hansen.