Her selde dei ut dei mest populære produkta på opningsdagen

For berre nokre veker sidan opna Fagmøbler opp ei ny butikkavdeling på Måløy Stormarked. Den nye avdelinga sel sengeutstyr frå leverandøren Høie, og no er dei mest populære produkta allereie utseld.

Første handel: Her har Anne Grete Solibakken nettopp kjøpt seg splitter nytt sengetrekk på Høie-avdelinga.  Foto: Andreas Hellenes

Nyheter

– Det er veldig positivt at vi har fått ei slik avdeling. Vi har hatt slike liknande butikkar før, men det er ei stund sidan dei vart lagt ned. Difor er det strålande at ein no har fått dekka dette behovet gjennom den nye avdelinga til Fagmøbler-butikken, seier Anne Grete Solibakke som nettopp hadde kjøpt seg nytt sengetrekk då ho møtte Fjordenes Tidende.