Politisaker vart mest lest denne veka

Her får du ei oversikt over sakene som vart mest lest på fjt.no denne veka.

Illustrasjonsfoto  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Måndagen si hending om at ein person vart plukka opp frå sjøen under Måløybrua, og oppdateringssaka om at mannen vart erklært død, er vekas to mest leste saker.

Ein kommentar om same sak frå Fjordenes Tidende-redaktør, Erling Wåge, vart den tredje mest leste saka i veka som var. Kommentaren kan du lese her.

Laurdag ettermiddag dukka det opp nok ei politisak når ein person vart sendt til sjukehus etter ATV-ulukke.

Bak ATV-ulukka, finn vi vekas mest leste gladsak – eit blinkskot av dei sjeldne når to hjortar ser ut til å ta ein underleg nattedans i nattelivet i Bremanger. Sjå blinkskotet her.

Neste på lista over vekas mest leste saker finn vi ei sak som frilansjournalist Inger Anita Merkesdal skreiv etter sitt sommarbesøk i Vågsøy, og saka om turntrenar Mats Thomsen som vender snuten heimover for å vere med på storsatsing.