Ferietips i Norges vakraste region

– Hytta ligg spektakulært til

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Privat

Nyheter

I september 2019 opna ei ny hytte ved Kalvåg, ca. 400 meter etter Dosavarden (derfor namnet Dosabu). Denne hytta ligg spektakulært til og er verdt eit besøk både ein finvêrsdag og i storm. Solnedgangane er fantastiske. Alt ein ser er hav, båtar i det fjerne og mykje fugleliv.

Frå Nesje er det 3,5 km å gå til hytta. Vel ein å gå frå Kalvåg sentrum, og ta heile fjellet over, er turen ein veg ca. 6,5 km.

Ikkje langt frå Dosabu ligg også Skorsteinen som er ein spennande stein i toppen av Skorsteinselva. Denne er også verdt eit besøk.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.