Fleire er på sjøen, men færre treng hjelp

Skipsførar Kai Jensen, maskinsjef Tor Kristian Oldeide og styrmann Alexander Skår har så langt hatt færre oppdrag enn i fjor – trass i mykje sommaraktivitet på sjøen.

Trio: F.v. skipsførar Kai Jensen, maskinsjef Tor Kristian Oldeide og styrmann Alexander Skår har til saman 15 og eit halvt år med arbeidserfaring i Redningsselskapet.  Foto: Andreas Hellenes

Nyheter

– Statistikken viser at vi faktisk har hatt åtte færre oppdrag hittil i år enn på same tid i fjor. Då hadde vi 58 oppdrag i 2019 mot 50 oppdrag i 2020, sa Kai Jensen, skipsførar på redningsskøyta Halfdan Grieg, til Fjordenes Tidende førre fredag.