Mister fire cruiseanløp

– Dette må vere ein kraftig advarsel til andre aktørar

Havnedirektør Kjell Fagna i Nordfjordhavn er klar på at avgjerda frå helsemyndigheitene om å ikkje la skip med fleire enn 100 personar om bord ikkje får landgang i Norge dei neste 14 dagene er rett. Samstundes meiner han det er synd for Måløy som cruisedesinasjon.
Nyheter

– Det er utruleg synd. For Måløy sin del er vi i gang med eit relativt nytt konsept som vi har fått opp å gå. I dag skulle vi hatt eit anløp der vi hadde sett opp busstur, fisketur og RIB-tur for passasjerane. Vi har verkeleg begynt å få ein struktur på dette, seier Fagna til Fjordenes Tidende tysdag.