Er venta vindkast opp i liten storm

Du treng ikkje pakke vekk sydvesten heilt enda

Det kan bli ein mørk og stormfull aften om prognosane til Meterologisk institutt slå til for fullt. Tysdag kveld er det venta opp i liten storm ved kysten.

Det kan bli ein mørk og stormfull aften om prognosane til Meteorologisk institutt slå til for fullt. Tysdag kveld er det venta opp i liten storm ved kysten.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Tysdag kveld og natt til onsdag er det venta å blåse opp i sterk kuling med vinkast rundt 20–25 m/s rundt Stad. Onsdag er det venta søraust liten til stiv kuling utsette stader og regn. Frå ettermiddagen sørleg liten kuling på kysten.

Torsdag seier prognosane sørleg bris, opp til liten kuling på kysten. Regn av og til. Frå kvelden av stort sett opphaldsvêr.

Inn mot helga blir vêret noko betre og ein kan få temperaturar opp i 22 grader, men med ein del skyer. Det same gjeld for laurdag, men då med ei venta bye ut på kvelden.

Frå søndag av, og vidare ut i neste veke, viser langtidsvarselet at regnet vil halde seg vekke ei stund. Men med ein del skyer og temperaturar under tjue grader, skrik det ikkje akkurat grillvêr.