Mange permitterte tilbake i jobb i juli

Talet på permitterte i Vestland fylke er redusert med 4 390 personar frå juni. Det skriv NAV Vestland i ei pressemelding.

Talet på permitterte i Vestland fylke er redusert med 4 390 personar frå juni. Det skriv NAV Vestland i ei pressemelding.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

– Dette er ein konsekvens av aukande aktivitet i fleire av bransjane som har vore hardast råka av korona-situasjonen. Samstundes er talet på heilt ledige er stabilt, med ein svak auke på 337 personar noko som ikkje er uvanleg i juli månad, seier fungerande direktør NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen.