Ferietips i Norges vakraste region

Tilbyr fartsfylte opplevingar

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: privat

Nyheter

Storm at Stad er eit action- og eventselskap i Måløy som byr på spennande, spektakulære og morosame opplevingar i RIB-båt. Ein kan oppleve fart og spenning, ville naturkrefter, slalåm mellom holmar og skjær, eller ein kosetur langs kysten.

Grunna restriksjonar og smittevernreglar kan ikkje Storm at Stad køyre med full båt, så sant det ikkje er personar frå same familie og personar som til dagleg er saman som ønskjer ein RIB-tur. Selskapet legg til rette, så det skal vere trygt å reise på tur med dei.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.