Nesten to tiår sidan sist kyrkja vart pussa opp

– Vi ynskjer at kyrkjene skal sjå vakre ut, men det kostar å ha kyrkjene ståande

Tidlegare i veka fekk Fjordenes Tidende eit tips om at fasaden på Nord-Vågsøy kyrkje såg «fæl» ut. Vi har spurt kyrkjeverje i Kinn Kyrkjelege Fellesråd, Erling Bakke Nydal, om kva han tenkjer om situasjonen.

Nord-Vågsøy kyrkje: Ein tipsar av Fjordenes Tidende beskreiv utsjånaden på kyrkja sin fasade som «fæl». 

Nyheter

– Dette er ein prosess som vi jobbar med heile tida. Vi er i gang, og noko kjem til å bli gjort. For augeblikket står det på prioriteringslista, og per dags dato ventar vi på ein tilstandsrapport frå Husevåg Arkitektur AS som vi samarbeider med, opplyser Nydal til Fjordenes Tidende.