Kjent TV-program spelast inn i lokale omgjevnader

– Deltakarane er kjempefornøgde, og no tippar eg dei får seg ei oppleving utanom det vanlege på Hornelen

I skrivande stund er sesong 22 av det populære TV-programmet 71° nord under innspeling på Europa si høgaste sjøklippe, Hornelen i Bremanger. Dei har også besøkt andre flotte omgjevnadar i nærområdet, avslører programleiar Tom Stiansen.

Naturleg stoppestad: 71° nord-produksjonen reiser langs Norge med båt i år. Då vart Måløy ein naturleg stoppestad.  Foto: Andreas Hellenes

Nyheter

– Akkurat no er deltakarane på Hornelen. Eg var med å køyre dei ut i dag tidleg, og fjelltoppen er jo veldig majestetisk, fortel den tidlegare alpinisten som har vore programleiar i 71° nord sidan idrettskarrieren tok slutt.