Får vi tilbake sommaren i kveld?

Det blir ei helg med godt og blanda vêr i ifølgje meteorologane, men likevel med gode moglegheiter får å få i seg nokre d-vitamin.

Det blir ei helg med godt og blanda vêr i ifølgje meteorologane, men likevel med gode moglegheiter får å få i seg nokre d-vitamin.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Meteorologisk institutt melder om gode forhold i periodar i løpet av fredagen. Men, det er venta sørleg frisk bris utsette stader og periodevis liten kuling på kysten. I ytre strøk for det meste skya med moglegheiter for regn av og til. I indre strøk er det venta opphaldsvêr og periodar med sol.

Ifølgje meteorologane startar laurdagen vått, men går over til strålande sol ut på kvelden. Det er venta sørleg liten kuling utsette stader med tilskyande og etter kvart regn og regnbyer. Utrygt for tore. Frå laurdag ettermiddagen vestleg bris. Etter kvart opphaldsvêr og til dels pent vær, først i ytre strøk.

Søndag kan ein forvente nordleg frisk bris utsette stader med delvis skya opphaldsvêr nord for Stad, elles for det meste pent vêr.