Lær om og opplev den rike vikinghistoria

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

I fjor segla ein tru kopi av Myklebustskipet opp Eidsfjorden igjen, tusen år etter originalen.

Myklebustskipet er det største vikingskipet som ein har funne spor av etter i Norge. Skipet fann ein i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874, og båtbyggjarar frå Bjørkedalen har sidan 2016 jobba med å rekonstruere skipet som stod klart i fjor.

Historia om skipet og den rike vikinghistoria frå Nordfjord kan ein lære meir om i vikingsenteret Sagastad. Vikingsenteret husar Myklebustskipet og ei rekke utstillingar. Sagastad opna dørene pinsehelga, og har frå 15. juni til 16. august ope kvar dag.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.