Travel natt for politiet – mange meldingar om bråk

Operasjonssentralen i Vest Politidistrikt melder om ei travel natt der mange har klaga på bråk.

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Laurdag morgon opplyser dei at dei i løpet av natta har fått 17 meldingar om høg musikk og forstyrring av natteroa. Dette er i heile Vestland fylke.

Politiet opplyser at dei ikkje har hatt kapasitet til å rykke ut på alle desse meldingane.

Klokka 03.45 fekk dei melding om ein rusa person som laga bråk, han ropte og skreik i eit bustadområde på Nordfjordeid.

Politiet rykte ut på denne meldinga og fekk fjerna personen, opplyser Vest Politidistrikt.

Han blir meldt til politiet for ordensuro.